Isaac Newton (25. desember 1642–20. mars 1727) var ein engelsk matematikar, fysikar, astronom, alkymist, kjemikar, oppfinnar, og naturfilosof. Han blir rekna som ein av dei største vitskapsmennene og matematikarane gjennom tidene. Hovudverket hans, Philosophiae Naturalis Principia Mathematica (ofte berre kalla Principia) vart publisert i 1687, og gjennom dette verket la Newton grunnlaget for den klassiske mekanikken. Han gjekk ut frå lovene til Kepler om rørsla til planetane, og han var den første til å vise at rørsla til ein lekam på jorda og ein lekam i himmelrommet følgjer dei same lovene. Newton gjorde òg store oppdagingar i matematikken, og saman med Leibniz vert han rekna som grunnleggjaren av differensialrekning.
Developed by StudentB